Ølen Betong - hjem

Bjoa skule på besøk

Onsdag 16. februar fekk bedrifta besøk av heile Bjoa skule. Dei ville gjerne sjå korleis betong vart til

Publisert: 16.02.2011

Med eigen buss kom dei 42 elevane saman med alle lærarane sine. Gruppa vart delt i to slik at halvparten gjekk på besøk hos Granberg Garveri og den andr fekk omvisning i betongfabrikken på Bergsneset. Etterpå bytta gruppene om.

Borna som var frå 1. - 7. klasse vart utstyrt med kvite gjestehjelma før dei starta runden innn i fabrikken og vidare i bilverkstaden. Det var like spennande å sjå produksjon av betongrøyr som å få sjå dei store betongbilane.

Rektor Gunnar Norenes kunne fortelje at dei hadde ei kulturveke på skulen. Ein rundtur i kommunen for å sjå bedrifter og arbeidsplassar var ein del av opplegget. Ein og annan elev kunne fortelje at dei hadde vore her før saman med foreldre som jobba på betongen.

Det er viktig både for skulen å få sjå lokal kultur og næringsliv, men også kjekt for bedriftene å få delta med å visa fram arbeidsplassar og aktivitet som vi driv her.